I dag tenkte eg vi kunne mimra litt. Derfor har eg henta fram nokre bilde frå då Uskedal Skulemusikk deltok på Karmøy Brassfestival i 2006. Eg trur det var første gongen. Det var veldig innspirande, og 17 av dei som spelte i korpset, var med på turen. Vi reiste med buss saman med Rosendal Skulekorps.
Sjølv om dei fleste musikarane no er rundt 30 år, vil de nok finna mange kjende ansikt, så det er berre å leita. Også ein del av Rosendalsmusikarane burde vera kjende ansikt!

På veg til Karmøy

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Nr. 579 kan sjå fram til gratis EU-kontroll (verdi 1290,-) gjeve av JA Auto på Husnes som sjølvsagt også skal utføra kontrollen.
  • Nr. 725 har vunne gåvekort på 750,-kr på Husnes Storsenter, gjeve av Uskedal Eigedom AS.

Dei to heldige kan ta turen til Auto 88 og henta gevinstbevisa sine. Gratulerer!!!

Dei to yngste på turen var 9 år. No er dei 26!! Det var kjekt med overnatting i klasserom!
Tekst, nett og foto: Thor Inge Døssland