Vi er komne fram til 3. søndag i advent, vi tenner 3 lys og det er berre ei veke att til julaftan. Frå gammalt av brukte ein nemninga skitnesøndag om siste søndagen før julaftan. Skitnesøndag var det akseptert at det blei gjort arbeid sjølv om det var søndag. Det kunne vera husarbeid og husvask der dei tok finishen i huset før jul. Slikt arbeid var til vanleg ikkje tillate på ein søndag.
Til vanleg pynta ein seg også i søndagsklede på søndagar. På skitnesøndag trong ein ikkje bruka finkleda. Dei skulle sparast til jul.
I dag er det bilde av årets vakre julegran som prydar bildet av adventskalendaren.

Dei to heldige vinnarane i dag:

  • Nr. 716 har vunne 6 mnd nettabonnement av Grenda.
  • Nr. 747 har vunne 6 mnd nettabonnement av Kvinnheringen

Vi gratulerer vinnarane som kan henta vinnarbevisa sine hos Auto 88.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto