Vi kan ikkje ha ein adventskalendar i Uskedalen utan å dvela litt ved den fine julegrana vår – den vakraste av alle! Heilt sidan jula 1963 har den lyst opp i bygda vår kvart einaste år. Tre eldsjeler, Lars Myklebust, Knut Steinsletten og Ståle Eik (bildet). syt kvart år for at vi kan nyta dette synet. Dei to førstnemnde har vore faste pyntarar i alle fall sidan siste del av 1970-talet så dei nærmar seg 50 gonger. Ståle har vore med kvart år etter at han gjorde comeback i bandet så også han har nokre titals pyntingar. Sjølv om han fyller 80 nokre månader inn i neste år, klatrar han lett til topps i det 23 m høge treet. Ingen av dei tre har bakgrunn i skulemusikken. Til det er dei for gamle. Derimot starta alle tre si musikalske karriere i Guttemusikken som var ein forløpar til skulemusikken, med Sigurd Wang og Alfred Eik som dirigentar.
Mange takk til dei tre for innsatsen kvart einaste år!

Dagens vinnarar er:

  • Nr. 205 som har vunne 1 mnd abonnement, Kvinnherad Breiband + sokkar
  • Nr. 250 som har vunne bålpanne frå Europris.

Gratulasjonar til begge som kan henta gevinstane sine på Auto 88

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland