Når veret no slår om til regn og rusk, er det godt at det er pynta med mykje lys både inne og ute. Det er også godt å kunna visa bilde av den blidaste tubaisten i skulemusikken, Iver. Sjølv om han er blid her, skal de vita at denne guten kan trykka godt til med både forte- og fortissimopartia på tubaen. For korpset er det av uvurderleg verdi å ha ein slik dyktig kar på det største instrumentet i korpset. For å nå nivået han har kome på, har han i tillegg til vanlege øvingar og heimeøving, fleire år som elev i kulturskulen og fleire sommarkurs bak seg.

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Nr. 619 har vunne brannslukkar frå Petol.
  • Nr.44 har vunne heimestrikka jakke str. M + hua frå Kvinnherad Bygg.

Som vanleg kan gevinstane hentast på Auto 88, og vi sender våre gratulasjonar med på vegen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland