Bildet vårt i dag er henta frå vakre Fjellhaugen Skisenter. Det har samanheng med dagens gevinstar. Skisenteret ligg i eit nydeleg område, og det er eit godt tilbod for alle mogelege vinter- og snøaktivitetar. Senteret byr på både lysløype og andre oppkjørte løyper for dei som vil gå langrenn og tur. I tillegg er det to skitrekk, barnetrekk og hovudtrekket. Her kan dei som vil driva alpint, boltra seg. Forhåpentlegvis blir det mange kjekke dagar i Fjellhaugen Skisenter denne vinteren og.

Dagens vinnarar:

  • Nr. 182 og nr. 317 er begge heldige vinnarar av dagskort i Fjellhaugen Skisenter + powerbank og flaske frå Hydro. (Sjå bilde nedanfor).

Gratulasjonar til vinnarane som kan henta gevinstane sine på Auto 88.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjell Harald Tungesvik og frå facebooksida til Fjellhaugen Skisenter.