Kom og høyr skulemusikken og andre aktørar kl.16 i dag!

Det er 2. søndag i advent , og vi tenner to lys. Dette er også dagen for den tradisjonsrike julekonserten i kyrkja. I år har arrangørane måtta flytta den til ettermiddagen så den begynner kl.16.
Konserten blir tradisjonen tru opna av Uskedal Skulemusikk si avdeling. Vi gler oss til å høyra den og resten av konserten. På ein slik dag høver det med eit bilde av korpaet frå konserten i fjor. I år, som minst 10 julekonsertar tidlegare, er det dyktige Tor Skeie Olsen som dirigerer korpset.

Dagens to vinnarar er:

  • Nr. 264 og 712 som begge har vunne like gevinstar, gåvekort og gåvepakke frå Saks over Kam. Det er også frisørsalongen i Ospelunden som har gjeve begge gevinstane.

Vi gratulerer begge vinnarane som kan sjå fram til nydeleg frisyre. Gevinstane kan som vanleg hentast på Auto 88.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland