Då er vi i gang med ein viktig førjulstradisjon her i Uskedalen, og vidare med. Like sikkert som at desember månad kjem, startar vi å publisera vinnarnummer i Uskedal Skulemusikk sin adventskalendar. I år blir det sett to rekordar. Det er rekordflotte gevinstar, og dessutan har det vore rekordsalg av kalendarar. Skulemusikkstyret vil retta ei stor takk til alle som har gitt gevinstar og alle som har hjelpt til med salg og andre oppgåver.
Bildet viser musikarane som var på siste øving saman med dirigent Tor Skeie Olsen, nokre var sjuke. US blei skipa 1969, og denne hausten har m.a. eit godt samarbeid med Rosendal Skulekorps resultert i ein flott konsert med filmusikk. Fram mot jul får vi oppleva dei både i kyrkja og i Helgheim.

Dei to første vinnarnummera som er trekt ut i år er:

  • 645 har vunne gåvepakke frå Vita og Specsavers.
  • 243 har vunne diverse produkt frå Kvinnherad Elektro, Clas Ohlson og Frodes Fargehandel.

Vi gratulerer vinnarane som kan ta turen til Auto 88 med kalendarane sine så vil dei få gevinstane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland