I går kom den verkelege førjulstemninga med snø og mykje lysande pynt. Ein treng berre kika ut vindauga så merkar ein det på heile seg. Bilde i dag er teke frå terrassen, men andre vert utfordra til å senda oss stemningsfulle og vakre førjulsbilde til thordossland@gmail.com slik at kalendarkjøparar i andre deler av landet kan sjå kor fint vi har det i Uskedalen no. Kanskje frå ein stemningsfull kveldstur, eller annan tur?
Når ein får spedd på med litt kjær julemusikk, klarer vi mest ikkje å venta på julekvelden. Heldigvis blir det spenning i ventinga. Meir enn 30 flotte gevinstar på adventskalendaren ventar framleis på vinnarane sine.

I dag har desse vunne:

  • Eigar av kalendar 308 har vunne heimestrikka sokkar og vottar. Og det kjem jammen godt med no når det er kaldt, og snøen innbyr til mykje utevering.
  • 529 har vunne gåvekort på 300,-kr hos Gros Blomster og kan handla av alt det fine dei har i butikken.

Vi gratulerer begge, og oppfrodrar dei til å vera raske og ta ein tur til Auto 88 AS for å henta gevinstane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland