Frå ein althornist i går til ein annan althornist i dag. I dag er det nemleg Mileah som bur på Kjerland som er avbilda i presentasjonen av vinnarnummer. Ho trivest godt med hornet sitt, og den komande veka gler ho seg til å spela på to julekonsertar saman med skulemusikken. Først er det den tradisjonelle julekonserten i kyrkja på søndag kl.18, og onsdag om ei veke kl.18 inviterer skulemusikken til ein koseleg utekonsert i ei julepynta strandstove i båthamna.
Mange hugsar sikkert denne stemningsfulle nyskapinga, og æra for den må vel dei kreative og driftige i skulemusikken dela med ein viss Korona.

Skulemusikken gjev publikum ei flott og stemningsfull førjulsjulegåve til publikum når dei inviterer til julekonsert i ei julepynta strandstove i båthamna.

Vinnarnummera på adventskalendaren i dag er:

  • Frisørprodukktpakke, gjeven av Zjakk Frisørsalong er vunnen på nr. 293.
  • Eigaren av kalendar med nr. 488 har vunne målband og kniv (Milwaukee), gjeven av Slangeservice AS.

Vinnarane kan ta med kalendarane sine og ta turen til Auto 88 AS der dei vil få gevinstane. Gratulerer!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto/plakat: Monica Hermann og Thor Inge Døssland