Mia (bildet) er den siste som kom inn i korpset til Uskedal skulemusikk. I fjorårssesongen var ho einaste aspirant. Denne sesongen er ho med i korpset for fullt og øver flittig. Ho har valt seg ein kjekk hobby som ho kan ha glede av resten av livet. Viss det er andre som tenkjer som Mia, at dette er lurt, er det berre å ta kontakt med nokon i styret i skulemusikken så vil dei heilt sikkert få i gang eit opplæringsopplegg. Musikk og korps er i alle fall GØY!

Begge gevinstane i dag kan komma til god nytte no i den mørke og kalde vintertida:

  • Den som har kalendar med nr. 319, har vunne gode heimastrikka sokkar til vaksne.
  • Har du nr. 618, har du vunne hovudlykt, verdi 250,-kr, gjeven av Sport 1, Husnes.

Vi gratulerer vinnarane som kan henta gevinstane sine på Auto 88 på Brekketoppen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland