Då er det alt 2.søndag i advent, og det er berre ei veke igjen til den store julekonserten i Uskdal Kyrkje. Den er 11.desember kl.18, og den blir opna av ei avdeling med skulemusikken. Då skal Ylva (bildet) med barytonen og resten av skulemusikken spela fin julemusikk. Etter skulemusikken blir det som vanleg mykje fin song og musikk av både grupper og enkeltpersonar. Då kjem nok julestemninga.

Det er kjølege og fine vinterdagar. Derfor passar det godt med varmande gevinstar også i dag. Dette er vinnarane:

  • I dag er 13 lykketal, og eigaren av den kalendaren har vunne lue frå Laga på Holmen
  • Eigaren av nr 118 er også heldig og har vunne heimestrikka vottar til vaksne.

Vi gratulerer vinnarane. Som vanleg kan dei ta med seg kalendarane sine til Auto 88 på Brekketoppen så vil dei få gevinstane sine.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland