Då er vi framme ved den store dagen som så mange har venta på, – julaftan. Dei to siste gevinstane på adventskalendaren blir trekt. I dag er det ei dokke med heimelaga garderobe (bildet) og festivalpass til sommarens storhendig, Festidalen, som er gevinstar. Det fortel oss at både denne vinnaren og alle vi andre kan byrja og sjå framover mot lysare tider. For ein fest det kjem til å bli på Dønhaug-jordet. Vi har alt fått vita at Aurora og Hellbillis er blant artistane. Og vi ventar på fleire. Det blir garantert ei festhelg!!
Med årets adventskalendar sette skulemusikken rekord i antal selde kalendarar. Alle 700 i det rekordstore opplaget vart utselde, og likevel var det fleire som spurde etter den populære og tradisjonsrike kalendaren. Alle dei flotte gevinstane og eit godt salgsapparat la grunnlaget for rekorden.
Uskedal skulemusikk vil nok ein gong takka alle som bidrog til suksessen. Dei rause givarane som sytte for den imponerande gevinstlista! Gros Blomster som har selt ein haug med kalendarar! Kvinnherad Vekstbedrift AS for trykking, Auto 88 AS for utdeling av gevinstane og uskedalen.no for publisering. Musikarane, foreldregruppa og andre som hjelpte til med salget. Sist, men ikkje minst, er styret svært, svært takksame overfor alle dei positive kjøparane som tar så flott og hyggeleg mot selgjarane. Tusen takk alle! Denne rekorden er vi alle ein del av.

Denne flotte, friske, flinke gjengen ønskjer alle ei riktig god jul.

Styret og musikarane i Uskedal Skulemusikk ønskjer alle gode støttespelarar gjennom heile året

Ei riktig god og triveleg julehøgtid!

Dagens vinnarar:

  • Dokke med heimelaga garderobe, gjeven av Uskedal Skulemusikk, er vunnen på kalendar nr. 179.
  • Festivalpass, gjeve av Festidalen, går til eigaren av nr. 254.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane. Dagens gevinstar kan hentast hos Kjell Harald Tungesvik på Dønhaugstølen (mobil 917 89 595), og elles minner vi nok ein gong om at det er viktig at vinnarane hentar gevinstane sine på Auto 88 AS på Brekketoppen så fort som mogeleg. Gevinstane skal hentast før 6.januar 2023.
Ei oppsummering med alle vinnartala kjem i romjula.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann