Uskedal skulemusikk er ein flott gjeng med 14 unge og flinke musikarar. Siste åra, etter koronaperioden, har det dessverre vore liten tilgang på aspirantar. Det må vi håpa vil forandra seg det komande året. Heldigvis er det ingen som har slutta dei siste åra. Det tyder på at dei har det veldig kjekt både musikalsk og sosialt. Ei av desse flinke musikarane er Emilie (bildet) som bur på Steinsletto, og som sit i solokornettrekkja. Ho er også flink til å øva heime. Salget av adventskalendarar er viktig for at Emilie og andre musikkinteresserte skal ha dette tilbodet i bygda.

Dagens vinnarar er:

  • Nr. 409 har vunne nokre gode heimastrikka pulsvarmarar.
  • Nr. 461 har også vunne ein varmande gevinst, nemleg heimastrikka sokkar til vaksne.

Vi gratulerer begge vinnarane som kan ta kalendarane med seg til Auto 88 på Brekketoppen så vil dei få gevinstane. Vi nemner at gevinstane må hentast seinast 06.01.2023.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland