No er det mindre enn ei veke igjen til julaftan. Det blir trekt ut to nye vinnarar på adventskalendaren, og dessutan spelar dei to på bildet, dirigent Tor Skeie Olsen og kornettist Ebba Hermann Fossli, julekonsert saman med resten av Rosendal Musikklag i dag. Det er i Kvinnherad Kyrkje frå kl.17 dei skaper julestemning med tonane sine. Etter nyttår får dei også selskap av Nils Rainer Vågen på euhphonium i Rosendal Musikklag. Tidleg i februar står NM i brass i Grieghallen på programmet til dette korpset.

Dagens vinnarar er:

  • Gardsbutikken på Josnes har gitt ein gåvepakke, verdi 1400,-kr, som er vunnen på nr. 465.
  • Leiketraktoren på bildet, av merket John Deer, har ein verdi på 1000,-kr. Den er gjeven av Haugland Mjølk og Maskin DA/ Bondekompaniet, og er vunnen på kalendar nr. 692.

Vi gratulerer dei to heldige!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Kjell Harald Tungesvik.