Gevinstlista på årets adventskalendar er heilt fantastisk!! Styret og musikarane er veldig takksame overfor alle frå heile Kvinnherad som har gitt flotte og kostbare gevinstar. Bildet viser ein av dagens gevinstar. Det er ein arbeidslampe med bluetoothhøgtalar, til ein verdi av 1250,-kr som skulemusikken har fått av Halsnøy Trelast. Den andre gevinsten har dei fått av Petol AS, og det er eit brannsløkkingsapparat til ein verdi av 1100,-kr.

Dei heldige vinnarane er:

  • Eigar av kalendar nr. 555 har vunne arbeidslampen.
  • Eigar av kalendar nr. 624 har vunne brannsløkkingsapparatet.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjell Harald Tungesvik