Bildet i dag viser musikar/hjelpedirigent/instruktør i skulemusikken, Nils Rainer Vågen. Euphonium er instrumentetet hans, og det gir han ein nydeleg tone. Mange år med øving ligg bak. Siste tre skuleåra har han vore elev ved musikklinja på Stord vidaregåande skule. Desse åra har han vore svært aktiv i korpslivet på Stord, – både Sagvåg Musikklag, Stord Musikklag og Stord Skulekorps har nytt godt av dei vakre tonane til Nils Rainer. Kanskje endå meir imponerande er det at han heile tida har bidrege i moderkorpset sitt, Uskedal Skulemusikk. Dette skuleåret er han heime på Skorpo, før han naturleg nok peilar seg inn på musikkstudiar. Siste halvåret har han i tillegg til skulekorpset og korpsa på Stord også bidrege saman med veteranane i musikklaget når tida har strekt til. Etter jul skal han også vera med i Rosendal Musikklag til NM.
På den musikalske utviklingsvegen nemner vi at Nils Rainer har vore elev i kulturskulen, spela i HUK (Hordaland Ungdomskorps) og delteke på så mange musikksommarkurs som mogeleg. Nils Rainer likar også solistoppdrag.
Det blir kjekt å følgja med på Nils Rainer si musikalske ferd vidare!

Dagens vinnarnummer:

  • Regatta redningsvest til verdi av 1000,-kr, gjeven av Lerøy Sjøtroll, er vunnen på kalendar nr. 238.
  • Ein flott rund hekla duk er vunnen på nr. 593.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane som kan henta gevinstane sine på Auto 88 AS på Brekketoppen. Vi minner om at det er fint om de hentar gevinstane så fort som mogeleg slik at det ikkje hopar seg opp.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland