Stadig nye vinnarar blir trekt ut på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar. Med dagens trekning er 30 av dei 48 gevinstane trekt ut. Bildet vårt i dag viser dama som ordnar med at alle får sine velfortente gevinstar. Det er May Liss Stensletten på Auto 88 AS. Ho blei tildelt ein juleblom for denne viktige jobben på konserten i gårkveld.
Det er viktig at alle vinnarar tar seg ein tur til Auto 88 AS og hentar gevinstane sine så snart dei kan der, slik at det ikkje hopar seg opp. Vi skal koma med oversikt over vinnartala til no ein av dei næraste dagane.

Vinnarane i dag:

  • Gåvekort på 500,-kr på Bondekompaniet, gjeve av Brødrene Musland AS, er vunne på kalendar nr.140.
  • Gåvekort og drikkeflaske, verdi 500,-kr, gjeve av Tysnes Sparebank er trekt ut på nr. 575.

Vi gratulerer!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland