Hugs julekonserten i Helgheim i kveld kl.18.

I dag er det tubaisten Iver som blir presentert med bilde i skulemusikken sin adventskalendar. Underteikna vel å tru at han bestemte seg for dette instrumentet første gongen han høyrde meg spela ved julgrantenninga det året han og familien flytta frå Oslo til Uskedalen. Då var han framleis liten barnehagegut, og han var så interessert i det store instrumentet at han mest kraup oppi det. Etter det var det tuba eller not to be.
Det var ei stor lukke for skulemusikken, for eit korps utan tuba er som eit hus utan fundament!! Eg har mange gonger vore imponert av Iver. Han står gjerne og spelar på det store, tunge instrumentet; – og med god trøkk!!
I kveld kan vi få høyra han både saman med korpset og i duett saman med tvillingbroren Ola på trombone på konserten i Helgheim. Noko å gle seg til!!

Så over til dagens vinnarnummer:

  • Krafse og spade av merket Fiskars, gjeve av Byggern Teigen til verdi av 830,-kr, går til eigar av kalendar nr. 33
  • Ein flott hekla løpar er vunnen på kalendar nr.73.

Vi gratulerer vinnarane! Vi oppfordrar alle vinnarane til no til å henta gevinstane sine på Auto 88 AS på Brekketoppen så fort dei kan, og seinast innan 6.januar 2023.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland