Konserten onsdag kl.18 er flytta til Helgheim.

Bildet i dag er henta frå julekonserten i Uskedal kyrkje i går kveld. Skulemusikken opna konserten på ein flott måte då dei spela fire nummer med fin julemusikk. Dei unge musikarane har ikkje tenkt å kvila på laurbæra. Alt onsdag er dei klare med sin eigen julekonsert. Dette har vore ein særs kjekk og stemningsfull utekonsert i strandstova i båthamna dei to siste åra. I år har styret flytta konserten til Helgheim då vermeldarane lovar kaldt vinterver også framover. Eg er sikker på at det vert ei kjempekoseleg musikkstund i Helgheim.
Konserten startar kl.18 og i tillegg til at korpset skal spela nokre nummer er det mange av musikarane som har meldt seg med solistnummer enten åleine elller i smågrupper. Dette er kjempegøy!! Dei unge musikarane byr verkeleg på seg sjølv til stor glede for poblikum.
Det er altså i Helgheim det skjer onsdag kl.18.

Så over til dagens heldige vinnarar:

  • Eigaren av kalendar med nr. 83 har vunne ein hekla løpar.
  • Nr. 93 har vunne Jotunheimen sekk og termos til ein verdi av 950,-kr, gje av Sport 1 Rosendal.

Vi gratulerer vinnarane som kan ta turen til Auto 88 AS på Brekketoppen og henta gevinstane sine.
Og så anbefaler eg igjen den koselege konserten i Helgheim onsdag kl.18.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland