Skulemusikken er blant deltakarane på julekonserten i kyrkja i kveld.

I dag skjer det i alle fall to viktige ting i Uskedal skulemusikk. To nye heldige vinnarar blir trekt ut på adventskalendaren, og skulemusikken er som vanleg blant aktørane på den tradisjonsrike julekonserten i Uskedal kyrkje saman med eit fint knippe flinke musikarar og songarar. Skulemusikken skal opna heile konserten, og det skal dei gjera med vakker julemusikk. Då håpar dei på masse publikum i ei fullsett kyrkje og er sikre på god julestemning. Kva kan måla seg med flott julemusikk i kyrkja for så å koma ut til ein snølagt og lyspynta kyrkjegard?! Velkomne alle saman!

Vinnarane i dag er:

  • Nr. 237 har vunne eit Sonax vaskesett til bil, verdi 580,-, gjeve av Auto 88 AS.
  • Same verdi har to puter, gjevne av Elins Matgleder, so er vunne på kalendar nr. 426.

Gratulerer så mykje til dei to, og velkomne til julestemning i kyrkja alle saman.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland