Då er tida for spenning og opning av adventskalendarar i gong. Fram til julaftan ventar heile 48 gevinstar, 2 kvar dag, i Uskedal skulemusikk sin kalendar på vinnarar. Gevinstlista er flottare enn nokon gong, og Uskedal skulemusikk har selt rekordmange, 700, kalendarar. Dei auka opplaget med 100 i år, og likevel har det vore folk og spurt etter kalendarar etter at det blei utselt.
Inntektene frå salget av adventskalendarar kvart år er særs viktig for drifta av korpset. Styret og korpsmedlemmene er svært takksame overfor alle som har gitt så flotte gevinstar. Dei takkar også for at dei har blitt så godt mottekne når dei har selt kalendarane.

I første trekning er det trekt ut 2 vinnarnummer:

  • Kopp, kakao og marshmallows, gjeve av Vitusapotek Husnes, er vunne på kalendar med nr. 266.
  • Badmintonsett, gjeve av Til Bords Rosendal, er trekt ut på nr. 350.

Vinnarane kan ta med kalendarane sine til Auto 88 i Uskedalen så får dei gevinstane sine. Vi gratulerer dei første vinnarane på årets adventskalendar!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland