I går presenterte vi tubaisten Iver. I dag er vi komne til tvillingbroren hans, Ola. Han bestemte seg også veldig tidleg for kva instrument han skulle spela. Det var trombone og ingenting anna!
Då han starta opp som aspirant, var han for liten til å starta på ein vanleg trombone. Derfor brukte han ein mindre raud trombone i plast i aspirantåret.
No handterer Ola ein vanleg stor trombone som berre det! Heime på Lislerud har dei eit skikkeleg husorkester med kornettar, tuba og trombone i tillegg til at dei er viktige medlemmer i korpset.

Dagens heldige vinnarar er:

  • Eigaren av kalendaren med nr. 506 har vunne ei lyslykt gjeven av Fargerike Husnes.
  • Eigaren av kalendaren med nr. 141 har vunne frisørprodukt frå Zjakk frisørsalong.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane som kan ta med seg kalendarane sine til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland