Allereie då Iver(bildet) høyrde Uskedal musikklag spela ved Julegrantenninga i 2015, var han fast bestemt på at han skulle spela tuba. Då var han relativt nytilflytta frå Oslo og barnehagegut. No er Iver 5.klassing ved Uskedal skule, og han er alt blitt dyktig på dette store og viktige instrumentet. Nydeleg tone og svært god trøkk har han i B-tubaen sin, og iveren til Iver er heilt på topp.

Dagens vinnarar i adventskalendaren er:

  • Eigaren av kalendar med nr,263 har vunne ei hovudlykt gjeven av Tess Kvinnherad.
  • Eigaren av kalendar med nr.297 har vunne heimestrikka panneband og vottar.

Dei heildige vinnarane kan ta kalendarane sine med seg til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine.
Vi gratulerer så mykje!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland