På bilde ser vi to av dei som spelar sin første sesong i korpset. I fjor var dei aspirantar og lærte å spela hos Hanna og Camilla. I år er dei med i korpset for fullt. Det er Ann Cecilie(med kornetten), som går i 4.klasse, og Ylva frå 2,klasse ved Uskedalen skule. Dei to blide jentene har begynt med ein kjekk hobby, og vi håpar at vi får høyre dei spela i skulemusikken i mange år framover, og at det blir mange julekonsertar.

Vinnarar av gevinstane på adventskalendaren i dag er:

  • Eigaren av kalendar med nr.315 har vunne lue frå Laga på Holmen
  • Eigaren av kalendar med nr.133 har vunne serviettar og lyshaldar gjeve av Til Bords Rosendal.

Heldige vinnarar kan som vanleg ta med seg kalendarane sine til Autu 88 AS så vil dei få gevinstane sine.
Vi gratulerer!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland