Ny dag, ny trekking og nye muligheter! På dagens bilde presenterer vi ein veteran i Uskedal skulemusikk, Nils Rainer Vågen. Instrumentet hans er euphonium, og dei siste åra har han spela i Sagvåg musikklag og Stord skulekorps i tilleg til barndomskorpset.
Nils Rainer går no siste året på musikklinja på Stord vidaregåande skule. I tillegg har han mange somrar delteke på NMF sine populære og gode sommarkurs.
Denne sesongen er Nils Rainer instruktør i korpset. Han har ansvar for aspirantopplæringa, og i tillegg er han dirigenten si musikalske høgrehand.
Det passar godt å presentera akkurat han i dag, for ein av gevinstane er Lynghonning frå Skorpehonning, og dama bak Skorpehonning er mor hans, Anja Strüter.

Dagen heldige vinnarar er:

  • Eigar av kalendar nr.598 som har vunne Lynghonning frå Skorpehonning.
  • Eigar av kalendar nr.134 som har vunne heimestrikka panneband og vottar.

Vi gratulerer vinnarane som kan ta kalendarane sine med seg til Auto 88 AS på Brekketoppen der dei vil få gevinstane sine.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland