Den store dagen er her, og i dag er det igjen to kjempeflotte gevinstar. På bildet ser de den flotte dokka, og den har litt av ein garderobe! Det er faktisk endå meir klede enn det som er på bildet. Den andre gevinsten er ei flott bålpanne som er gjeven av Bondekompaniet og Uskedal skulemusikk. Dermed har dei to siste gevinstane dette året funne sine eigarar, og no må vi venta heilt til 1.desember på nye vinnarnummer. Men det kjem til å skje mykje kjekt og spennande før den tid.
Den sprelske og kornettspelande nissen under(Erle Marie) vil frå heile skulemusikken takka alle veldig mykje for at dei på ulike måtar har støtta opp om adventskalendaren. Ho håpar at alle som kjøpte den synest at det har vore kjekt og spennande. No gler ho seg til å spela fleire konsertar og inviterer alle til å komma og høyra på.
GOD JUL!!

Erle Marie er sprelsk kornettspelande julenisse.

Dagens heldige vinnarar er:

  • Eigaren som har adventskalendar nr. 19 har vunne dokka med alle dei flotte kleda.
  • Den andre med flaks i dag har nr. 275 og har vunne bålpanna som er gjeven av Bondekompaniet/Uskedal skulemusikk

Gratulerer mykje til begge!!

Premiane i dag, i går og 22.12. skal hentast hos Monica Hermann som bur på Kjerlandsido 10, første huset på høgre side like ovanfor brua. Det er greitt om dei ringer 906 35 493 på førehand. Dette gjeld berre gevinstane 22., 23. og 24 desember.

Dei som berre er heime i Kvinnherad på juleferie(i romjula), kan avtala henting av gevinstar med Mai-Lis, 957 52 081. Dette gjeld gevinstar frå 1. – 21.desember.

Ei riktig god jul til alle!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann ogThor Inge Døssland