Då er vi komen fram til dagen før dagen, men det er ein ny stor dag her på skulemusikken sin adventskalendar med to særdeles flotte gevinstar. Eg bøyer meg igjen i støvet! Sjå på den utruleg vakre gensaren på bildet! Og i tillegg blir det gitt ut eit særs raust gåvekort frå S. Rødsten Bilforretning AS i Herøysundet.

Dei heldige vinnarane er:

  • Den som har adventskalendar med nr. 497 har vunne gåvekortet på heile 1900,-kr hos S. Rødsten Bilforretning AS i Herøysundet.
  • Den nydelege gensaren i vaksen størrelse på bildet går til eigaren av nr. 395.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane så mykje.
Premiane i går, i dag og julaftan skal hentast hos Monica Hermann som bur på Kjerlandsido 10, første huset på høgre side like ovanfor brua. Det er greitt om dei ringer 906 35 493 på førehand. Dette gjeld berre gevinstane 22., 23. og 24 desember.

Dei som berre er heime i Kvinnherad på juleferie(i romjula), kan avtala henting av gevinstar med Mai-Lis, 957 52 081. Dette gjeld gevinstar frå 1. – 21.desember.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann