I eit skulekorps er det ikkje berre medlemmer av begge kjønn. Det er også medlemmer frå ei brei aldersgruppe. Dei eldste blir ofte førebilete for dei yngste i korpset. Slik er det også i Uskedal skulemusikk. Nora, som er i sin første sesong i korpset, blir inspirert av å sjå kor flink Ebba er blitt på kornetten. Ho likar veldig godt å gå på øving og spela saman med Ebba og resten av den kjekke gjengen og dirigenten Tor Skeie Olsen.
Både Nora og Ebba er også elevar i kulturskulen der dei har Nick Hughes som lærar.
I dag blir det trekt ut to nye flotte gevinstar som de ser på bildet nedanfor. Det er ein Nilfisk høgtrykkspylar gjeven av Øybygg/Montèr Kvinnherad og ein flott leiketømmerbil.

Desse flotte gevinstane går ut til vinnarane i dag.

Dagens vinnarar er:

  • Eigaren av kalendaren med nr. 483 har vunne tømmerbilen.
  • Eigaren av adventskalendaren med nr. 197 har vunne høgtrykkspylaren som er gjeven av Øybygg/Montèr Kvinnherad.

Gratulasjonar til dei to heldige vinnarane.
Premiane i dag og dei to komande dagane, vesle julaftan og julaftan, skal hentast hos Monica Hermann som bur på Kjerlandsido 10, på høgre handa like ovanfor brua. Det er greitt om dei ringer 906 35 493 på førehand. Dette gjeld berre gevinstane 22., 23. og 24 desember.

Dei som berre er heime i Kvinnherad på juleferie(i romjula), kan avtala henting av gevinstar med Mai-Lis, 957 52 081. Dette gjeld gevinstar frå 1. – 21.desember.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Thor Inge Døssland