Dei flotte gevinstane står framleis i kø, og i dag er dei heldige vinnarane i dag får eit raust gåvekort gjeve av Uskedal Eigedom og den nydelege strikkagensaren på bildet. Eg bøyer meg i støvet for alle dei flotte handarbeida og andre gåvene som Uskedal skulemusikk har fått inn til årets adventskalendar!
Og no er det endå ein grunn til å glede seg. Sola har snudd, og då er det plutseleg ikkje så lenge att til lyse vårdagar og sommar!

Dei heldige vinnarane i dag er:

  • Eigaren av kalendaren med nr. 185 har vunne gåvekort på 1000,-kr på Husnes Storsenter, gjeve av Uskedal Eigedom AS.
  • Den som har nummer 130 har vunne den flotte gensaren for ungdom som de ser på bildet.

Vi gratulerer begge to så mykje!! Dei kan ta med seg kalendarane sine til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann