I dag presenterer vi Uskedalens finaste “juletre” som det kjem julemusikk frå. Det er Ylva. Ho er ei av dei yngste i korpset og er no inne i sin første sesong. Ho går i andre klasse ved Uskedal skule.
Jenta i den fine julekjolen kan også fortelja at dagens gevinstar er ein nydeleg hekla duk og eit gåvekort som er gjeve av Kvinnherad Vekstbedrift AS.

Denne flotte duken er vunnen på nr. 476

Dagens vinnarar er:

  • Eigaren av adventskalendaren med nr.476 har vunne den fine hekla duken.
  • Eigar med nr. 175 har vunne eit gåvekort på 700,-kr frå Kvinnherad Vekstbedrift AS.

Vi gratulerer dei heldige. Som vanleg kan dei ta kalendarane sine med til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Thor Inge Døssland