
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2021, 20.desember.
I dag presenterer vi Uskedalens finaste “juletre” som det kjem julemusikk frå. Det er Ylva. Ho er ei av dei yngste i korpset og er no inne i sin første sesong. Ho går i andre klasse ved Uskedal skule.
Jenta i den fine julekjolen kan også fortelja at dagens gevinstar er ein nydeleg hekla duk og eit gåvekort som er gjeve av Kvinnherad Vekstbedrift AS.

Dagens vinnarar er:
- Eigaren av adventskalendaren med nr.476 har vunne den fine hekla duken.
- Eigar med nr. 175 har vunne eit gåvekort på 700,-kr frå Kvinnherad Vekstbedrift AS.
Vi gratulerer dei heldige. Som vanleg kan dei ta kalendarane sine med til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Thor Inge Døssland