Ettert kvart som vi publiserer nye vinnarnummer på skulemusikken sin adventskalendar, vil vi i år også presentera musikarar og andre med tilknytning til korpset med bilde og litt tekst. Først ut er Mia som starta som aspirant denne hausten. Ho går i 3.klasse ved Uskedalen skule, og er alt godt i gong på althornet. Ho har Nils Rainer Vågen som instruktør. Til julekonserten neste år er ho nok alt godt i gong i korpset. Ho har starta på ein hobby som ho kan ha i kjempemange år. Ho bur ikkje så langt frå Uskedalen sin eldste messingblåsar, den 89-årige kornettisten Bjørgulv Eik.

Vinnarar i dag er:

  • Eigaren av kalendar med nr. 355 har vunne heimestrikka sokkar til vaksne.
  • Eigaren av kalendar med nr. 127 har vunne heimestrikka gryteklutar.

Gevinstane kan hentast hos Auto 88 AS på Brekketoppen. Alle gevinstar må hentast innan 11.januar 2022, og vinnarane må ta med kalendaren når dei hentar gevinsten.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland