Ebba på bildet speler solokornett i skulemusikken, og ho er både dyktig og ivrig på instrumentet sitt. Ho har vore på fleire av NMF sine sommarkurs, og er elev i kulturskulen både på instrumentet sitt og på teater. Ho er ein aktiv og allsidig 7.klassing med mange jarn i elden.
To flotte gevinstar finn dei heldige vinnarane sine i dag og. Det er gavekort på Bondekompaniet som er gjeve av Brødrene Musland Maskin AS og den aldeles nydelege gensaren på bildet under.

Saman med gavekort frå Brødrene Musland AS er denne nydelege gensaren dagens gevinstar.

Dei heldige som har vunne i dag er:

  • Eigaren av kalendaren med nr.333 har vunne gavekort på 500,-kr på Bondekompaniet, gjeve av Brødrene Musland Maskin AS
  • Eigar av adventskalendar med nr.234 har vunne den fine gensaren som er i vaksen størrelse.

Vinnarkalendarane kan dei ta med til Auto 88 AS så får dei gevinstane sine.
Vi gratulerer dei heldige, og ønskjer alle ein fin fjerde søndag i advent.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Thor Inge Døssland