Styret i Uskedal skulemusikk er veldig fornøgde med den gode jobben som foreldregruppa har gjort med å skaffa gevinstar til adventskalendaren. Dei har vore så velvillige og aktive, og det har resultert i fleire gevinstar enn tidlegare. Dei har fått så mange flotte gåver frå firma, og i tillegg har dei fått inn så mange nydelege handarbeid.
Blidet over viser ein av fedrene, Kjell Harald, saman med dottera Nora som spelar kornett. Kjell Harald var spesielt ivrig og effektiv når det galt å kontakta ulike firma.
– Det var berre kjekt, dette. Alle eg kontakta var jo så positive, beskriv han jobben han har gjort.

Arbeidslampe og bord er gevinstane til dagens to vinnarar.

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Eigaren av kalendaren med nr.63 har vunne eit bord gjeve av Elins Matgleder.
  • Den som har adventskalendaren med nr. 597 har vunne ei arbeidslampe som er gjeven av Byggern Teigen, Husnes.

Vi gratulerer dei to vinnarane som kan ta med kalendarane sine til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine. Det er smart å gjera det så fort som mogeleg.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Thor Inge Døssland.