Birte Bruvik frå Husnes(bildet) er ei av mange frå andre bygder som støttar skulemusikken ved å kjøpa adventskalendar. Ho er ei “julete” dame som likar pynting og kos i førjulstida, og kvart år kjøper ho mellom anna denne julekalendaren. Dessutan er ho spesialist på å finna på kjekke og kreative ting til glede for andre. I dag trur eg at ho ikkje var langt frå eitt av vinnarnummera, men ho må nok trøysta seg med at det framleis er 24 sjansar igjen. Vi er nemleg akkurat halvvegs på adventskalendaren i dag.

Dagens heldige vinnarar er:

  • Eigaren av kalendar nr. 414 som har vunne eit vaskesett til bil, gjeve av Auto 88 AS.
  • Eigaren av kalendaren med nr. 419 har vunne bluetooth høgtalar som er gjeven av Halsnøy Trelast AS

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane som kan ta med seg kalendarane sine til Auto 88 AS så vil dei få gevinstane sine.

Vi ønskjer alle ein fin 3.søndag i advent.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland