Spenninga med adventskalendaren held fram. På bildet ser de gevinstane frå i går og i dag. Her er heimestrikka sokkar og gåver frå Slangeservice i Herøysundet, Vitusapotek Husnes og Husnes Røyr.
Det er ekstra kjekt å ha spenninga med adventskalendar i desse tider. På den er det ikkje koronarestriksjonar. Dei har derimot gjort at det ikkje blir noka deltaking på julekonsert i kyrkja for Uskedal skulemusikk. Men skulemusikken har eit godt alternativ til folket. Som i fjor arrangerer dei koseleg og stemningsfull julekonsert ved Strandstova i båthamna. Det blir søndag 19.desember. Det blir ein fin førjulskveld!!

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Eigaren av adventskalendar nr. 518 har vunne bitssett og drikkeflaske som er gjeven av Slangeservice i Herøysundet.
  • Eigaren av kalendaren med nr. 479 har vunne heimestrikka sokkar til vaksne.

Vi gratulerer dei to som kan ta med seg kalendarane sine og få gevinstane på Auto 88 på Brekketoppen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland