Høyr skulekorpsa i konkurranseform i Aktivitetshuset i dag kl.17.45.
Uskedal Skulemusikk og Rosendal Skulekorps skal delta i Hordablesten i Grieghallen til helga.
Uskedal Skulemusikk og Rosendal Skulekorps har denne sesongen hatt eit svært godt samarbeid. Det begynte allereie med oppstartseminaret i Kinsarvik i august (bildet over). Etter det hadde korpsa ein særs vellukka konsert med filmmusikk. Fram mot jul hadde korpsa øvingar kvar for seg, og dei hadde kvar sine julekonsertar. Etter jul starta fellesøvingane opp att, og no øver dei for fullt fram mot eit høgdepunkt; – deltaking i Hordablesten i Grieghallen laurdag 13. april. Etter det vil korpsa igjen øva kvar for seg til 17. mai. Sesongavslutninga vil så truleg bli som ein felleskonsert. Samarbeidet har vore svært positivt. Dei har funne fram til ein modell som gjev frukter både musikalsk og sosialt.
Hordablesten er som eit kretsmeisterskap for skulekorps. I og med at Hordaland er brasskretsen framfor nokon, er det mange gode korps som deltar. Rosendal/Uskedal deltar i 3. divisjon. Dei har tidlegare samarbeidd om deltaking i denne konkurransen og NM, før koronaen sette alt på pause. Rosendal Skulemusikk deltok i fjor.
Akkurat no er det intens øving fram til konkurransen. I den øvingsperioden er det også helgeseminar.
Programmet dei skal spela varer ca. eit kvarter, og dei skal spela desse stykka:
- African Funk (Alan Fernie)
- You Raise Me Up (Rolf Løvland, arr. av Yngve Nikolaisen og Nick Hughes)
- Three Jazz Pieces (Peter Graham)
Heldigvis får heimepublikummet høyra dette programmet når dei unge musikarane er i toppform. Det blir nemleg generalprøvekonsertar både i Uskedalen og Rosendal. Tirsdag 9. april kl.17.45 blir det konsert i Aktivitetshuset. To dagar etterpå, torsdag 11. april, er det framføring i samfunnshuset i Rosendal.
Målet med deltakinga er at musikarane skal få utbyte av det både når det gjeld musikalsk utvikling, ha det kjekt saman og skapa gode fellesskap og minne.
Dei fleste veit nok at Tor Skeie Olsen er Uskedal Skulemusikk sin dirigent. Det er Nick Hughes som er dyktig dirigent for Rosendal Skulekorps. Han er opprinneleg frå Wales, men er gift med ei Tysnes-jente, og har vore busett der i vel 10 år. Han er messinglærar i kulturskulen og har fleire Uskedalsmusikarar som elevar der. Også Nick er ein særdeles dyktig kornettist til liks med Tor. Begge har ei flott samling med solistprisar.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Monica Hermann og Ann Merete Åsheim Nilsen