Styret i Uskedal skulemusikk er både kreative, dyktige og arbeidssame. Dei trekker stadig nye, kjekke ting inn i korpsarbeidet. Nyleg hadde dei olympiske korpsleikar for musikantane. Det var både spennande og engasjerande. No er dei klare med endå ei nyskaping. Onsdag 29.september kl.17.30 arrangerer dei noko som heiter musikksti. Då håpar dei publikum stiller opp og går gjennom løypa. Det blir kjekt for store og små.

Musikkstien er ei kort løype som har god framkomst for alle. På stien er det lagt inn musikalske postar. Her står musikantane klare, åleine eller parvis, og dei skal spela eit lite utdrag frå ulike songar. Oppgåva for deltakarane blir då: klarar du å gissa kva songar som blir spela i løypa??

Etter musikkstien vert det samling i Aktivitetshuset der deltakarane får presentert fasiten. Då spelar musikantane heile songane.

Musikkstien er open for alle. Ta med deg ein venn og bli med. Start på musikkstien er ved hovudinngangen  til Aktivitetshuset, og starten er altså onsdag 29.september kl.17.30. Dette blir gøy for publikum, og for musikantane blir det kjekt i tillegg til at dei får god øving. Gå ikkje glipp av den aller første musikkstien i Uskedalen. Eit framifrå tiltak for heile familien, for vennegrupper, ja, for absolutt alle!

Tekst: Haldis Aakra/Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Chris Fossli
Nett: Thor Inge Døssland