Uskedal skule vann to av klassane på TINE stafetten.
Både 6. og 7. klasse frå Uskedal skule vann kvar av sine puljar på TINE stafetten i går. 5. klasse kom på 3. plass i sin pulje. Alle gjorde ein god innsats og det var ein fin tur og ei fin oppleving for alle som var med. Stafetten vart skipa til på Husnes og i Rosendal. Klassane hadde med desse lærarane: Tanja Bringedal, Anja Njøten Leite, Mona Vetrhus og Åse Myklebust Neset. Bilete på topp syner 6. klasse som vann sin pulje.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tanja Bringedal/ Mona Vetrhus