Torsdag 15. september er Uskedal skule med på prosjektet Rein Hardangerfjord. Målet er å gjera fjorden reinare og sjølve ryddeaskjonen skal gjennomførast på ein dag. Det er informasjon og aktivitetar før og etter sjølve ryddedagen Det er mellom anna lagt opp til konserten Fjorden Aid i Rosendal fredag 16. september. Elevane på Uskedal skule skal rydda strendene i nærområde. Det gjeld Beinavikjo, Stølavikjo og Gullvikjo. Rektor, Odd Steinar Arnesen, fortel at elevane vert delte inn i grupper. Dei yngste elevane tek stranda næraste skule, dei eldste går i Gullvikjo. Så langt uskedalen.no kjenner til, er det berre skulen som er påmeld frå Uskedalen. Før har både Uskedal utvikling og Båtlaget vore med på strandryddeaksjonar. Audun Eik og Kristian Bringedal har kvart år rydda, også saman med fotballag frå aldersbestemte klassar.

Stølavikjo er med på den store strandryddeaksjonen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal