Saman med ordføraren var musikklaget frå Uskedalen ein sentral aktør i opninga av Løveleikane i Husnes Idrettspark i dag. Løveleikane er eit årleg arrangement for funkjsonshemma. Målet er idrettsglede og fellesskap. Kvinnherad Lions er formell arrangør. Uskedal musikklag har før om åra vore med på opninga. Bandet spelar marsjar og musikk som skaper stemning. Musikklaget, eller Uskedal Seniororkester som dei vart presenterte som, spela 8 nummer til opninga, 5 før opningstalen til ordførar Hilde Enstad, og 3 etter. Det var herold Agnar Melkersen som fann på det nye namnet på bandet.

Kvinnherad Lions er teknisk arrangør for Løveleikane.
Tekst/nett Kristian Bringedal
Foto: Anja Strûter