Onsdag i denne veka la Regjeringa fram ein vernestrategi for kyrkjebygg i landet. Uskedal kyrkje er på lista og er med dette kvalifisert for løyvingar til vedlikehald og større prosjekt i tida framover. Hausten 2022 var barne- og familieminister Kjersti Toppe i Kvinnherad på synfaring. Alt då la ho fram Regjeringa sine tankar om bruk av fondsmidlar til vern og renovering. No er saka uye på høyring. Dersom det ikkje vert gjort vesentlege endringar, er Uskedal kyrkje med i vedlikehaldsprogrammet.

Kyrkjeverje i Kvinnherad, Torstein Aarthun, vil skriva uttale og førebu sak i Fellesrådet om verneprosjektet.

I samtale med kyrkjeverje i Kvinnherad, Torstein Aarthun, kjem det fram at i åra fram mot 2030 vil ein prioritera dei to mellomalderkyrkjene i Kvinnherad, Enæs og Kvinnherad. Etter det kjem dei andre sju kyrkjene. Med bakgrunn i tilstandsrapport og søknad kan det løyvast midlar.

Ar Uskedal kyrkje kom med på lista, er for nokre litt uventa. Kyrkja er bygd i 1914. Husnes kyrkje som er ei langt eldre og større kyrkje, er ikkje kvalifisert.

Ei utfording er tilgang på godkjende handverkarar med fagkunnskap på kyrkjebygg. Dei “veks ikkje på tre” og må truleg hentast inn frå andre regionar. Aktuelle vedlikehaldsoppgåver er mellom anna isolasjon, Enøk tiltak, vindaugo, tavøle og tiltak for å hindra lekkasje.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto