Uskedal Hisotirlag vart skipa 14. februar 2022. Alt i dag hadde styret og redaksjonsmneda konstituerande møte med fordeling av arbeidsoppgåver. Etter den formelle skipinga med registrering i Frivilligregisteret, møtebokføring og økonomileiing er laget klar for å løysa viktige lokalhistoriske oppgåver. Dersom alt lukkast med inntekter, er målet å gje ut skrift alt til hausten. Arkivrommet er klart innan kort tid. Medlemene er fordelte på grupper ut frå fritt valde tema. Nokre vel å jobba åleine. Bilete syner redaksjonsnemnda. F.v: Thor Inge Døssland, Astrid Haugland og Svein Rimestad. Torkel Stensletten og Harald Sætre er også med i gruppa.

Styret:

  • Leiar: Kristian Bbringedal
  • Skrivar: Sein Rimestad
  • Kasserar: Ståle Eik
  • Varamedlemer: Pål Haugland, Bjørgulv Eik og Eli Roseth Eik

Redaksjonsnemnda:

  • Thor Inge Døssland
  • Astrid Haugland
  • Svein Rimestad
  • Torkel Stensletten
  • Harald Sætre

Neste storsamling vert etter påske, måndag 25. april, kl. 18.00 på Stemneplassen. Styret har alt motteke namn på personar som ynskjer å vera med. Dersom du vil står på e-postlista, meld frå kristian.bringedal@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal