Uskedal Historielag inviterer til ope møte måndag 27. mars kl. 17.00. Tema er utvandring.
Set av måndag 27. mars kl. 17.00. Då vert det nytt ope møte i Uskedal historielag. Torkel Stensletten, også medlem i skriftstyret, vil informera om arbeidet sitt med utvandring frå Uskedalen. Tittel: “Med von om ei betre framtid. Utvandringa frå Uskedalen til Amerika”. I Emigrantarkivet har mange grunngjeve emigreringa med at det var betre utsikter til forteneste der bort. Torkel sitt arbeid er stort og omfattande. Mange detaljar skal på plass. Dette og mykje meir vil vi få høyra meir om på møte. Møte er ope for alle med interesse for lokalhistorie.
Det vert også tid til lagssaker som:
- Årbok 2
- Referat frå årsmøte
- Medlemsverving
- Status søknader
- Møte eller studietur før sommarferien
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat