I desse dagar må vi kunna sei at det er eit ørlite jubileum i det relativt nystarta Uskedal Historielag. I går var det ein månad sidan facebook-sida til laget blei oppretta, og i dag har den nådd 300 medlemmer. Flott på så kort tid!
Facebokksida blir ein svært viktig kanal for informasjon og utveksling om arbeidet i laget. Derfor er det viktig at alle med interesse for det, blir medlemmer. Viss de er på facebook, så meld dåke inn, og inviter facebookvenner til å bli medlemmer av sida. Det kostar sjølvsagt ingenting, men ein vil heile tida vera bra oppdatert om arbeidet. Sjølvsagt vil det også bli gitt jamnelege oppdateringar på andre måtar, som her på Uskedalsida.
På bildet ser vi Bjørgulv Eik(t.v.) og Birger Myklebust. Som ungdommar var dei aktive og sentrale medlemmer av den litt hemmelege og kreative Gutteklubben Gordon som ein kan lesa om i den første boka frå historielaget som kjem i oktober/november. Dei er også særs gode kjelder til fleire artiklar som kjem i bokserien.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland