Uskedal Historielag er invitert til å vera med på Lokal bokmarknad i morgon, layrdag 18. november, på Norli Husnes. Den same bokmessa vart skipa til i fjor. På Norli vert det samling av lokale forfattarar og sogelag. Her kan du slå av ein prat med forfattarane, andre leseglade personar og få bøker du handlar signert. Bøkene vert selde og betalte i bokhandelen. Her er nokre av dei inviterte: Anders Totland, Kristian Hus, Christian Bjørgen, Lions Halsnøy, Uskedalen historielag, Kvinnherad Sogelag, Lars Martin Røyrvik, Hans Sande, Michelle Myklebust, Ståle Eskeland, Arne Torget, Aasmund Sande, Jan Rabben, Lars Amund Vaage, Hanne Bramnes, Anne Karin Fonneland, Kjersti Hjortland, og truleg nokre til. Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal vil representera Uskedal Historielag og profilera boka Den nære fortida, årbok 1 og 2. Boka frå Uskedalen er også å få kjøpa på SPAR Uskedalen og i bokhandelen i Rosendal. Bilete er frå bokmessa i fjor.

Ser du godt etter, så finn du årboka frå Uskedalen i hylla.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal