Uskedal Friluftslag: Attval og høg aktivitet.
På årsmøte i Uskedal Friluftslag vart det lagt fram årsmelding og rekneskap som vitnar om høg aktivitet. Alle i styret tok attval. Leigeprisane vert justert, noko alle med årsleige må merka seg. Berre 3 av 10 medlemslag møtte fram til årsmøte. Styret vil ha ein gjennomgang på dette med medlemsskap og leige. Det er lagt inn og montert breiband i møterommet.
Styret:
- Kristian Bringedal – leiar
- Audun Eik – styremedlem
- Ove Magne Myhre – styremedlem
- Åse Neset – skrivar
- Jofrid Eik – kasserar
- Varamedlemer: Tormod Myklebust, Steinar Kroka og Einar Gjertsen
- Valnemnd: Vvik Rimestad og Knut Steinsletten
- Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Ståle Eik
Leigeprisar:
- Årsleige: kr. 2 200,-
- Døgnleige: kr. 500,-
- Medlemsskap: kr. 300,- ( gjeld ikkje for dei som har årsleige )
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal