
Uskedal fjelltrim blir digital.
Turgruppa i Uskedal idrettslag melder at dei no er i gang med å gjera Uskedal fjelltrim digital. Allereie frå mandag 13.september kan deltakarane registrera poeng i fjelltrimmen med ein app som heiter Postkassetrimmen. Turmåla som har vore med tidlegare, blir framleis med, men det kjem to nye turmål med poeng. Det er Klepp(bildet over) og Såto. I 2021 blir både appen og dei gamle trimkorta brukt. Frå nyttår blir det slutt på dei vanlege trimkorta. Frå 2022 blir alt regisrert ved å nytta appen Postkassetrimmen.

Deltaking i fjelltrimmen er gratis for dei som er medlemmar i Uskedal idrettslag. Dei som ikkje er medlemmer, må betala 50 kroner for å delta. Det kan betalast med vipps til 133436.
Turgruppa i UIL fortel at det blir premiering av dei som har flest poeng i kvar klasse. I tillegg blir det og trekt ut premie mellom alle som deltar.
Vi hadde tidlegare i sommar ei sak om at det trongst oppattfrisking og ny maling på T-ar i mange turløyper. Turgruppa er svært glade for at det er blitt utført gjennom sommaren. Uskedalen.no har også fått positive tilbakemeldingar frå tilreisande som har rosa tydeleg merking.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Torkel Stensletten/Thor Inge Døssland