Festival-kontoret opna onsdag.

For å unngå store køar ved inngangen til festivalområdet fredag og lørdag, er det viktig at ein tar ein tur innom på festival-kontoret for å ordna ting på førehand. Det gjeld både adgangs-band og verjeskjema. Der får ein også svar på spørsmål ein måtte ha, i tillegg til at ein kan kjøpa Festidalen-effektar. Kontoret opna onsdag og blir ope resten av veka.
Festivalkontoret er i Gamleskulen(sjå bildet over) som ligg like ved Spar-butikken.

Isabell og Karoline er klare på festival-kontoret til å hjelpa gjestene.

Opningstider:

  • Onsdag: kl.12-18.
  • Torsdag: kl.12-18
  • Fredag: kl. 12-17
  • Lørdag: kl. 12-15.

Verjeskjema:

Alle under 18 år må ha verje for å komma inn på festivalområdet. Det gjeld også frivillige. For å unngå kø ved inngang oppfordrar arrangøren alle til å henta verjeskjema på festivalkontoret og fylla dei ut heime. Desse skal leverast i verjebua ved inngang, og då må verje koma saman med den/dei ein er verje for. Då vil dei få verjeband.

Adgangsband:

For å unngå kø ved inngang er det viktig alle hentar adgangsband på festivalkontoret. Dei må då visa billett(qr-kode) for å få påsett band. Alle må møta personsleg opp for dette. Ein kan ikkje henta adgangsband for andre

Festidalen-effektar:

På festival-kontoret er det salg av eit rikt utvalg av Festidalen-effektar: t-skjorter, solbriller, sydvestar, regnkapper, flotte handlenett, capsar osv.

Sponsorbillettar:

Då det framleis manglar nokre namnelister frå sponsorar, kan sponsorbillettar foreløpig ikkje hentast på festivalkontoret. Dei får ein ved inngang.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.