I dag, 6. desember, markerer Heimevernet Uniform på jobben – dagen. Det vert gjort slik at HV soldatane vert oppmoda om å bruka uniforma på arbeidsplassen eller i andre samanhengar. Meir enn 40 000 kvinner og menn har i dag hatt høve til å bruka uniforma på arbeid. Målet er å visa kva rolle Heimevernet har ved beredskap og i det sivile samfunnet, ved redningsaksjonar og større katastrofar. HV tek ulike oppdrag, mellom anna som vakt oljeinstallasjonar og ved andre samfunnskritiske objekt.

Bilete syner Tor Vidar Sæle med kapteinsgrad, til vanleg dagleg leiar ved Kvinnherad Vekstbedrift, her som områdsjef i HV 09311. Område omfattar Indre Hardanger, Kvinnherad og Etne, tilsman 160 soldatar, kvinner og menn.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal